Klepp kommune

Hodne

ELEKTRONISK ARKIVPLAN FOR KLEPP KOMMUNE

Formålet med arkivplan

Arkivplanen gir bindande retningslinjer for behandling av all informasjon og dokumentasjon i Klepp kommune.

Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinjene.
Arkivplanen skal bidra til at Klepp kommune ivaretek arkivansvaret etter §6 i arkivlova der det heiter: "Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vera ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid."

Rådmannen har det overordna arkivansvaret (jfr. Arkivforskrifta §1-1)

Arkivleiar har det daglege ansvaret for kommunen si arkivteneste og utarbeidar planar for verksemda. Godkjent handlingsplan skal vera med i kommunen sin årsplan.

Rådmannen i Klepp oppfordrar alle tilsette i kommunen å setja seg inn i retningslinjene i arkivplanen.

- rådmannen -

Bygdemuseum